Marit Eikemo, Birgit Alm og Sandra Lillebø i samtale

I Marit Eikemos nye roman Gratis og uforpliktande verdivurdering er livet førebels eit kaos. Men alt vil bli annleis om dei berre får høgare lån og kan kjøpe Lerkevegen 41. I Birgit Alms roman Ensom planet har Karianne klatra litt sosialt sidan den gongen ho og Boris budde i same blokk. Likevel er det Karianne som får i oppdrag å rydde ut når Boris døyr på reise i Kina. To kvinner som lever i ein røyndom og gjerne skulle sett at han var ein annan. Og eit Noreg der ulike økonomiske klasser vekst fram i rask fart. Med sine to bøker på to år har Birgit Alm på rekordtid etablert seg som ei sylskarp stemme i det norske litterære landskapet, medan Marit Eikemo lenge har vore ein kvalitetsleverandør av skeive menneskelagnader i norsk samtidslitteratur. Sandra Lillebø er blant dei som har tematisert økonomiske og sosiale klasser i yrket sitt som forfattar og kommentator i Klassekampen. Ho møtte Alm og Eikemo på Litteraturhuset til samtale på Litteraturhuset 25. april 2018.   Litteraturhusets podkast presenterer bearbeidede versjoner av samtaler og foredrag i regi av Stiftelsen Litteraturhuset. Musikk av Apothek.

Please leave a comment